Thor Gotaas - Sparkens historie
Den norske legenden og folkeminnegranskaren kjem til biblioteket for å fortelje om sparkens historie
Arrangementet krever billett
Spark var eit viktig framkomstmiddel i Noreg på 1900-talet, og han blir framleis brukt i snørike strøk. Men kven fann opp sparken, og kor gammal er han? Og er sparken verkeleg ei norsk oppfinning?
Boka fortel både den ukjende og kjende historia til sparken, om tidlegare forbod mot å køyre i byar, om langturar på 40–50 mil, om favorittdoningen til ungane og husmødrene, og om eit framkomstmiddel som spreidde seg over heile landet og også har ein eim av romantikk rundt seg. For den som har sparka på snøkvite eller islagde vegar, gløymer ikkje det. Mange blir nostalgiske når dei tenkjer tilbake på sparkturar i yngre år.
Gotaas fortel på sin særeigne måte historier og anekdotar frå heile landet. Både det seriøse og det kuriøse. I tillegg har boka eit fantastisk bildemateriale som underbyggjer forteljinga om ein folkekjær del av kulturhistoria vår.
Om forfattaren:
Thor Gotaas er folkeminnegranskaren og forfattar som skriv kulturhistoriske bøker med folkloristisk vinkling. Han er cand.philol. frå Universitetet i Oslo med hovudfag i folkloristikk (1993). Gotaas er særleg oppteken av outsiderane i samfunnet, òg dei som rører seg mykje, anten som leveveg eller på fritida. Det har mellom anna resultert i mange bøker om skiløparar, landstrykarar, tatarar, sjømenn og løparar. Også lokalhistorie er via mykje merksemd. Ved utgangen av 2022 har han skrive 45 bøker.
Gotaas granskar det seriøse og det kuriøse i folkeleg kultur, og kombinerer detaljstudium med lange linjer for å søkje ny historisk innsikt. Som folkeminnegranskaren er han spesielt interessert i mentalitetshistorie og skiftande haldningar, anten det er historisk, geografisk eller sosialt. Gotaas har halde langt over tusen foredrag sidan 2000 i mange ulike samanhengar
Omtala er henta frå Gyldendal
Arrangementet kan bli flytta ved stor interesse
Inngang vaksen: 100 kr
Kjøp billett på førehand eller betal med vipps eller kontant i døra
Gratis for dei under 18
Relatert litteratur
Spark
Thor Gotaas