Dette er ein burlesk og samstundes alvorleg versjon av historia om Jesus. Vi møter ein annan Jesus enn i evangelia. I denne boka har elefantar tatt plassen til disiplane, og Jesus sjølv fer rundt på sykkelen sin og finn på både velgjerningar og fantestrekar. Vi får og sjå at det ikkje alltid er lett å gjere gode gjerningar, og demonutdriving og helbreding av lamme får ikkje berre positive konsekvensar. Teksten er ikkje ein allegori, heller ikkje ei attdikting, men er ei fri omskriving av dei kjende forteljingene. Samstundes held teksten seg på mange punkt nær opp til originalen. Resultatet er ei bok i apokryfanes ånd, med ein humoristisk og fordomsfri leik med tekstar og omgrep som høyrer vår tid til. Akin Düzakin sine illustrasjonar utdjuper både det burleske og det menneskelege ved Sandes Jesus og situasjonane han kjem opp i. Språket er enkelt og uttrykksfullt. Gyldendal Tiden, 1999.