
Lån boka
Tilgjengelig på nynorsk:
Reserver eller finn
Om boka
Ei roleg tid, ein stad verna for verda. Utan krigslarm. Rett nok small det atomprøver, men smella var langt borte. Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men som vaksen kjende ho på ei uro. Var oppveksten meir prega av den kalde krigen enn ho hugsa? NATO-medlemskap, atomfrykt, Koreakrigen, kommunistjakt og Cubakrisa: Korleis var desse historiske hendingane med på å forme norske barn etter andre verdskrigen? I denne essaysamlinga utforskar Arnhild Skre nettopp dette. Omtalen er utarbeidd av BS.