Forteljarstund - Musse og Helium
Forteljarstund frå Musse og Helium med den profesjonelle skodespelaren Thomas Jørstad Pettersen.
Gratis - inga påmelding
Bøkene om Musse & Helium har i fleire år gått som ein farsott over heile Skandinavia, og dei har skapt leselyst og leseglede med sine magiske eventyr, blanda med eit språk og ein humor som barna elskar. Universet utfordrar fantasien og er fylt av karakterar som barna kan kjenne seg att i og sjå opp til. Denne lesegleda og magien kan ein no oppleve i ei ny forteljarstund-teaterframsyning, dramatisert av Thomas Jørstad-Pettersen.
Forteljarstunda passar for barn frå 4 til 9 år og varer i om lag 25 minutt.
Om skodespelaren:
Skodespelar Thomas Jørstad Pettersen har sidan februar 2022 reist rundt med sine forteljarstund-teaterframsyningar som kombinerer leseglede og bøker med teater, leik og refleksjon. Framsyningane har blitt utruleg godt tekne imot og har blitt spelte over 150 gongar på ulike bibliotek, festivalar og ambassadar.
Thomas Jørstad Pettersen (41) er frå Grimstad i Agder og bur i Oslo. Han er utdanna ved Teaterhøgskolen i Göteborg (BA 2010–2013), samt ved Bårdar Akademiet i Oslo (2004–2006). Sidan 2006 har Thomas jobba i ei rekkje teater-, film- og TV-produksjonar. Han er òg tekstforfattar, dramatikar og regissør.
Dei siste åra har Thomas arbeidd med mellom anna Riksteatret, Teater Innlandet, Oslo Nye Teater, Kilden Teater, Paradox, Motion Blur og Sam Production, og han var nyleg å sjå i Amazon Prime-serien Harald og Sonja i rolla som Haakon Haraldsen.