Hopp til hovudinnhald

Vinterlesforfattar Torgrim Eggen

Litteratur og forteljing
Ungdom
Vaksne

Forfattarmøte med Torgrim Eggen kor han fortel om si nyaste bok: "Blodet".

Portrett av forfattaren Torgrim Eggen.
Foto: Torgrim Eggen portrettert av Maria Vihovde
Portrett av forfattaren Torgrim Eggen.
Foto: Torgrim Eggen portrettert av Maria Vihovde
Portrett av forfattaren Torgrim Eggen.
Foto: Torgrim Eggen portrettert av Maria Vihovde

Arrangementet krev billett

Dato

tysdag, 3. februar

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Haldast ikkje i biblioteketUllinsvin

Arrangørar

Sel bibliotekUllinsvin

Billettar

Nett eller vipps i døra
Legg til i kalender

Som del av årets leselystaksjon, Vinterles, får vi besøk av forfattar Torgrim Eggen. Han er aktuell med boka «Blodet», ein roman med lokal tilknyting. Brørne Oddmund og Sigurd veks opp i Ringebu på 30-talet. Mørke skyer heng over dalen. Europa ulmar til krig, og snart må alle velge side. Brørne går inn på tyskarane si side i skjebnekampen mot Stalin.

17 år gamle blir dei begge soldater i Waffen-SS. Mens Oddmund kjempar ved Leningrad, endar Sigurd opp i Finland. Dei overlever, men når de vender heim til eit fritt Noreg, må dei stå til ansvar for vala sine. Korleis blir liva deira etterpå? Og kva preg set det på etterkommarane og eigen familie?

Torgrim Eggen vil fortelja om arbeidet med «Blodet», kva boka fortel og om forholdet mellom verkelege hendingar og roman.

Arrangementet er av Vågå bibliotek i samarbeid med Sel folkebibliotek og er ope for alle, både deltakarar på Vinterles og andre.


Vinterles er støtta av Sparebank1 Lom og Skjåk.

Arrangementet finn stad i Ullinsvin.


Inngang: 100 kr

Gratis for ungdom under 18


Billettar: Vipps i døra eller på nett (lenke til billetsal kjem snart.

Relatert litteratur

Kontakt

Kai Robin Flesvik Nilsen

969 23 653 kai.nilsen@vaga.kommune.no