Kreativ dag for barn og unge i haustferien
Verkstad og kreativitet
Barn
Ungdom
Kreative aktivitetar for barn og unge på Vågå bibliotek
Gratis - inga påmelding
I lag med Vågå husflidslag stiller vi med 3 dyktige instruktørar (Bjørg Schultz, Sigrid Seim Lysne og Wenche Øyen) og eit utval av ulikt utstyr og materialer til å lage enkle syarbeid, snorer og band, hekling og strikking.
Her er det mogleg å vere med heile dagen eller berre stikke innom når ein vil prøve seg.
Inga påmelding og gratis deltaking!
Vi serverer drikke og litt snacks gjennom dagen.
Sparebankstiftelsen DNB støttar tiltaket økonomisk.
Arr: Vågå bibliotek og Vågå husflidslag